Av Lars Emil Berge, styreleder i Småkraftforeninga.

Dette er et debattinnlegg som står for artikkelforfatterens regning.

Bestillinga av ny kraft frå Energikommisjonen til styresmaktene er like klinkande klar og tydeleg, som den er enorm. 40 TWh på 7 år, og 20 TWh i energisparing.

Elektrisiteten kom til Norge for første gong i 1877 ved Lisleby Brug. Dette er snart 150 år sidan. I løpet av desse åra har me bygd ut om lag 150 TWh med fornybar kraft i landet vårt. Det aller meste er vasskraft, men og ein del vindkraft dei seinare åra.

Dei fleste store vassdraga våre som ikkje er verna, er allereie bygd ut, og no skal me altså byggja ut ein firedel meir enn det me i dag produserer, og det på berre sju år. Ja me må byggja i eit tempo som me aldri før har sett maken til. Hugs at havvind kjem inn i miksen først etter desse kritiske sju åra fram mot 2030.

Fleire industrileiarar ropar høgt. Ja, veldig høgt om kraftmangelen som ventar om nokre få år dersom det ikkje blir fart på utbygginga.

Hydro sin aluminiumsfabrikk på Sunndalsøra sluker mest straum i landet vårt, med eit årleg forbruk på 6,2 TWh. Fabrikksjef Roar Ørsund seier dette i Adresseavisen 7. mars «det er ikke mer enn tiden og veien for å bygge ut mer fornybar energi».

Ørsund er ikkje åleine om å meina dette. Det er planar om store industrietableringar over heile landet. Desse industrietableringane vil krevje ei monaleg stor auke i straumproduksjonen.

Parallelt med ny kraftproduksjon må ein også gå i gong med ei storstilt utbygging av straumnettet vårt. Folk reiser seg og er imot store kraftlinjer som øydelegg inntrykket av urørt natur. Dersom me skal få nok straum til alle deler av landet vårt så meiner eg me må godta at noko natur blir brukt til nettutbygging.

Kor skal ein finna desse 40 TWh-ane?

Jens Stoltenberg hadde ein nyttårstale tidleg på 2000-talet som mellom anna handla om at no var tida for dei store vasskraftutbyggingane over. Etter dette byrja for alvor småkraftutbygginga å skyta fart.

Småkraftforeninga fekk laga ein rapport i 2022 som syner at restpotensialet for småkraft i landet er bortimot 17 TWh. Om halvparten av potensialet blir bygd, vil det gi om lag 8 TWh. Det er omtrent det same som me har bygd ut dei siste ti åra.

Småkraftutbygging er som regel lite konfliktfylt, og ei fantastisk distriktsnæring som då kan bidra sterkt med krafta som Energikommisjonen vil ha fram mot 2030.

Det er om lag 40 småkraftverk under bygging i dag, og kapasiteten for å byggja meir framover er stor, om løyva blir gitt.

I Hurdalsplattforma varsla Regjeringa at dei ville leggja betre til rette for meir småkraft.

I tilleggsmeldinga til Energimeldinga frå våren i fjor bad så AP, Høgre, SP, Frp og KrF om raskare småkraftbehandling: «Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak for å få fortgang i konsesjonsbehandlingen av småkraftverk.»

I statsbudsjettet for 2023 svarte regjeringa på dette og skreiv mellom anna: «Søknader om nye småkraftverk som ikke har konsesjon vil bli tatt til behandling fortløpende.»

I tildelingsbrev frå OED til NVE er det lite som samsvarar verken med Hurdalsplattforma eller Energimeldinga om at det skal leggjast betre til rette for småkraft.

Me kan difor seia at Stortinget og energikommisjonen vil ha småkraft, men NVE svarar NEI!

OED ber i tildelingsbrevet NVE om å prioritere stor vasskraft. Samstundes er jo saka den at dei har særs få søknader om stor vasskraft til behandling. Mykje av tida meiner eg då burde nyttast til å få fram meir fornybar energi frå småkraftverk. Det ligg mange saker klare til behandling, og fleire er på veg.

Har venta fem år på svar

Skal ein koma i gong med å tetta gapet mellom forbruk og produksjon, som vil kome fram mot 2030, så lyt ein faktisk behandla dei søknadane som ligg klare. Samstundes må NVE signalisera velvilje til å behandla mange fleire i tida som kjem. Med dei auka ressursane som vart tildelt årets statsbudsjett, meiner eg dette er ei tydeleg bestilling.

I ei mediesak på NRK den 7. mars var det eit innslag om ein fortvila Ole Tom Eftestøl som har venta i 5 år på svar frå NVE om å få byggja eit lite småkraftverk. Leiar i Energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, Inga Nordberg, svarar at dei jobbar stadig for ei raskare saksbehandlingstid, men at dei får føringar frå departementet om at dei små kraftverka må vika om stor vasskraft kjem inn. Her må ein ha nok ressursar til å seia både og, i staden for anten eller. Fem år for å behandla ein småkraftsøknad er altfor lang tid. Dette tilfellet er langt frå eineståande.

Energikommisjonen seier «Meir av alt, raskare» No er det berre ein ting som gjeld for regjeringa og NVE, og det er HANDLEKRAFT!

Debattinnlegget er også publisert i Europower magasin nummer 02 2023.