Monsterkuttet. Regjeringa tvinga monstermastene på kommunane i Hardanger. No fjernar dei eigedomsskatten for mastene, og kommunane mister millionar i skatteinntekter. – Det er så utruleg arrogant, seier Synnøve Kvamme. Ho vart frontfiguren for den store folkelege motstanden mot kraftlina mellom Eidfjord og Mongstad, som tråkla seg gjennom fjordlandskapet i Hardanger.