Av vannkraftprofessorar på NTNU: Leif Lia (Bygg og miljø) og Arne Nysveen (Elektrisk energi)

Dette er eit debattinnlegg som står for artikkelforfattaranes rekning.

Elektrifisering av sokkelen

Det er tydelegvis eit mål for mange å drive olje- og gassutvinninga på sokkelen med straum frå land. Sidan ingen vil risikere at plattformene må stenge når sola går ned eller når det sluttar å blåse, er det sjølvsagt berre vannkraft som kan sikre drifta av installasjonane. Skal det gå bra, må det finnast nok vannkraft på land til å sende ut gjennom nye kablar.

Det vil føre til at gasskraftverka på plattformene kan stenge ned og gassen som kjem opp av holet, kan uavkorta gå til eksport og til brenning i til dømes eit gasskraftverk ein annan stad. Norsk vannkraft vil då i praksis bli eksportert som gass.

Press mot natur og norsk vannkraft

Dersom Fastlands-Noreg har så mykje regulerbar vannkraft til overs at me kan sende det ut til olje- og gassinstallasjonar, burde me ikkje heller eksportert krafta direkte som elektrisk kraft? All infrastruktur ligg allereie der, til og med rikeleg kapasitet på utanlandskablar til mange land. Då kan Noreg og fellesskapet spare store kostnadar til ny infrastruktur, som likevel ikkje fører til redusert uttak og forbrenning av olje og gass. Verda kan spare forbruk av høgverdig metall og andre flotte materiale som går med til kablar og annan infrastruktur.

Dersom olje- og gassinstallasjonar skal elektrifiserast, vil det bli eit voldsomt press mot ny kraftutbygging i urørt natur. I fleire tiår har me utvikla og undervist miljøvennleg vannkraft på NTNU, og mykje kan gjerast med miljødesign for å halde miljøkonsekvensane på eit lågt nivå. Men null vil dei aldri bli.

Det blir nokså demotiverande og meiningslaust å undervise dette for at oljeindustrien skal få meir av naturen? Sjølvsagt går det an å stogge og gje opp avkarboniseringa av industrien på land for å frigjere kraft til olje og gass. Det kan kanskje ein samfunnsøkonom fortelje om gevinsten av?

Kven har lura kven?

Dersom olje- og gassindustrien verkeleg er så miljøbevisste som kommunikasjonsfolka og toppleiarane deira er, burde dei derfor kutte eigne karbonutslepp på staden. Det er ingen annan industri i Noreg som har betre kunnskap og betalingsevne til å gjere dette, eller som ligg nærmare område for havvind og CO2-lagring.

Dersom olje- og gassindustrien ordnar opp sjølve, vil det lette presset på urørt natur og på vannkrafta - som heller kan brukast til næringsliv og vanleg forbruk på land. Noreg vil då eksportere same mengde gass som i dag og CO2-utsleppa frå gasskraftverka på plattformene blir lagra under havbotn.

Med andre ord er bruk av norsk vannkraft ut til olje- og gassplattformer øydsling med resursar og gjev ei fordeling av kostnadar som ikkje er gangbar. Naturen må ta miljøkostnaden og næringslivet på land må ta støyten økonomisk.